Salmane 89:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Du herskar over det hovmodige havet,når bølgjene reiser seg, stiller du dei.

11. Det var du som slo Rahab i hel,du spreidde dine fiendar med din mektige arm.

12. Din er himmelen, og di er jorda,du har grunnlagt verda og alt som fyller henne.

13. Du skapte nord og sør,Tabor og Hermon jublar over ditt namn.

14. Din arm er mektig,di hand er sterk, høgre arm er lyft.

15. Rettferd og rett er grunnvoll for di trone,miskunn og sanning kjem fram for deg.

16. Sælt er det folket som kan ropa av jubel.Dei ferdast i lyset frå ditt andlet, Herre.

17. Heile dagen jublar dei over ditt namn,dei triumferer ved di rettferd.

18. Du er deira styrke og prakt,ved din godvilje får vi kraft.

19. Skjoldet vårt høyrer Herren til,kongen vår høyrer Israels Heilage til.

20. Den gong tala du i eit syn til dine trugne:«Eg set ein helt til å hjelpa,reiser opp ein utvald frå folket.

21. Eg fann David, min tenar,eg salva han med mi heilage olje.

Salmane 89