1. Ein song. Ein salme av Asaf.
2. Gud, hald deg ikkje i ro,ver ikkje still og tagal, Gud!
3. Fiendane dine buldrar!Dei som hatar deg, lyfter hovudet.
4. Dei legg listige planar mot ditt folk,dei held samråd mot dei du vernar.
5. Dei seier: «Kom, lat oss sletta dei ut som folk,så Israels namn ikkje blir hugsa meir!»
6. Dei held råd og blir samde,dei lagar ei pakt mot deg,
7. Edoms telt og ismaelittane,Moab og hagrittane,
8. Gebal, Ammon og Amalek,Filistarland og dei som bur i Tyros,
9. jamvel Assur sluttar seg til deiog er ein sterk arm for Lots søner. Sela