1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.
2. Lytt, du Israels gjetar,du som fører Josef lik ein flokk med sauer.Du som tronar over kjerubane, strål fram!
3. Vekk di kraft for Efraim, Benjamin og Manasse,kom oss til hjelp!
4. Gud, før oss tilbake,lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!
5. Gud Herre Sebaot,kor lenge skal du svara folket si bøn med rykande vreide?