Salmane 80:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.

2. Lytt, du Israels gjetar,du som fører Josef lik ein flokk med sauer.Du som tronar over kjerubane, strål fram!

3. Vekk di kraft for Efraim, Benjamin og Manasse,kom oss til hjelp!

4. Gud, før oss tilbake,lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!

5. Gud Herre Sebaot,kor lenge skal du svara folket si bøn med rykande vreide?

6. Tårebrød gjev du dei å eta,og tårer må dei drikka til overmål.

7. Du lèt grannane våre slåst om oss,fiendane spottar oss.

8. Gud Sebaot, før oss tilbake,lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!

9. Ein vinstokk tok du frå Egypt,du dreiv folkeslag ut og planta han.

10. Du rydda plass for hanså han slo rot og fylte landet.

11. Fjell vart dekte av skuggen,mektige sedrar av greinene.

12. Han strekte rankene ut til havetog renningane til Storelva.

13. Kvifor har du rive ned gjerdet rundt hanså alle som går framom, kan plukka,

14. villsvin frå skogen kan gnagaog krypet på marka kan eta?

15. Vend attende, Gud Sebaot,skoda ned frå himmelen og sjå!Ta deg av denne vinstokken,

Salmane 80