1. Til korleiaren. Etter Gittit. Ein salme av David.
2. Herre, vår herre,kor herleg ditt namn er over heile jorda,du som har breidd ut din glans på himmelen!
3. Frå munnen på småborn og spedbornhar du reist eit vern mot dei som står imot deg,for å gjera ende på fienden og hemnaren.
4. Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,månen og stjernene som du har sett der,
5. kva er då eit menneske – at du hugsar på det,eit menneskebarn – at du tek deg av det?