Salmane 76:5-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Du er strålande og herleg,meir enn dei evige fjell.

6. Modige menn vart plyndra.Kvar krigar hadde sovna inn,ingen kunne lyfta ei hand.

7. Hest og ryttar fall i uvitdå du truga, Jakobs Gud.

8. Du er den som alle må frykta.Kven kan stå for ditt andletnår du blir vreid?

9. Frå himmelen kunngjorde du din dom.Jorda frykta og tagde

10. då Gud stod opp for å dømma,for å frelsa alle hjelpelause på jord. Sela

11. Sjølv harmen frå menneske blir til lovsong for deg,harmen endar med høgtid.

Salmane 76