Salmane 74:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Men Gud, min konge frå gammal tid,du som gjer frelsesverk på jorda,

13. du kløyvde havet med di maktog krasa hovuda til uhyra i vatnet.

14. Du slo sund hovuda til Leviatanog gav han til føde for folket i ørkenen.

15. Du braut veg for kjelder og bekker,du tørka ut mektige elvar.

16. Din er dagen, og di er natta,du sette himmellysa og sola på plass.

17. Du fastsette alle grenser på jorda,sommar og vinter er det du som har skapt.

18. Hugs dette: Fienden spottar Herren,eit folk av dårar foraktar ditt namn.

19. Gjev ikkje turteldua di til villdyr,gløym aldri dine armingars liv!

20. Vend blikket mot di pakt!Landet er fullt av mørke staderder valden bur.

21. Lat ikkje den undertrykte gå bort med skam,lat dei fattige og hjelpelause prisa ditt namn!

22. Reis deg, Gud, og før di sak!Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang.

23. Gløym ikkje ropet frå dine fiendar,larmen som alltid stigfrå dei som står deg imot.

Salmane 74