Salmane 74:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein læresalme av Asaf.Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid?Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter?

2. Kom i hug flokken du vann deg i gammal tid,din eigen stamme som du fria ut,Sion-fjellet der du slo deg ned.

3. Gå opp til ruinen som ligg knust for alltid!I heilagdomen har fienden øydelagt alt.

4. Motstandarane brølte der du samlar ditt folk.Sine eigne hærmerke sette dei opp.

5. Det var som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.

6. Slik slo dei sund alt det utskornemed øks og med brekkstong.

7. Dei sette eld på din heilagdom,dei vanhelga og reiv nedstaden der namnet ditt bur.

8. Dei tenkte: «Vi underkuar dei alle saman!»Dei brende alle Guds samlingsstader i landet.

Salmane 74