1. Ein læresalme av Asaf.Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid?Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter?
2. Kom i hug flokken du vann deg i gammal tid,din eigen stamme som du fria ut,Sion-fjellet der du slo deg ned.
3. Gå opp til ruinen som ligg knust for alltid!I heilagdomen har fienden øydelagt alt.