Salmane 73:2-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Men eg var nær ved å snubla,foten heldt på å gli ut.

3. For eg var misunneleg på dei hovmodige,eg såg at det gjekk dei urettferdige vel.

4. Dei er utan plager til sin død,magen er god og mett.

5. Dei lid ikkje som andre menneske,dei blir ikkje plaga som andre folk.

6. Difor er hovmod deira halskjede,dei er kledde i ei drakt av vald.

7. Synda deira kjem av velstand,hjartans tankar fløymer over.

8. Dei spottar, dei talar i vondskap,ovanfrå trugar dei med vald.

9. Dei lyfter munnen mot himmelen,og tunga fer omkring på jorda.

10. Difor vender folk seg til deiog syg i seg deira ord.

11. Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det?Har Den høgste kjennskap til noko?»

12. Slik er dei urettferdige,støtt er dei trygge og aukar sin rikdom.

13. Fåfengt har eg halde hjartet reintog vaska hendene i uskuld.

Salmane 73