Salmane 73:13-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Fåfengt har eg halde hjartet reintog vaska hendene i uskuld.

14. For eg vart plaga heile dagen,tala til rette kvar morgon.

15. Hadde eg sagt: «Slik vil eg tala»,då hadde eg svike dine born.

16. Så tenkte eg etter, ville skjøna dette.Det var pinefullt å sjå,

17. heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom;då skjøna eg kva framtid dei får.

18. Ja, du fører dei ut på glatte vegar,du får dei til å falla og bli knuste.

19. Brått går dei til grunne,det er slutt, dei endar i redsle.

20. Dei er som ein draum når ein vaknar.Du foraktar synet av deinår du reiser deg, Herre.

21. Så lenge eg var beisk i hjartetog det stakk i nyrene,

22. var eg dum og visste ingen ting,som eit fe var eg mot deg.

23. Men eg blir alltid verande hos deg,du har gripe mi høgre hand.

24. Du leier meg med ditt råd,og sidan tek du imot meg i herlegdom.

25. Kven har eg elles i himmelen?Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.

26. Om kropp og hjarte forgår,er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.

27. Dei som held seg borte frå deg, går til grunne,du gjer ende på alle som er utrue mot deg.

28. Men for meg er det godt å vera nær Gud.Eg har teke mi tilflukt til Herren Gud.Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.

Salmane 73