Salmane 71:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Hos deg, Herre, søkjer eg tilflukt,lat meg aldri bli til skamme!

2. Berg meg og fri meg ut i di rettferd,vend øyret til meg og frels meg!

3. Ver meg eit vern og eit bergdit eg alltid kan koma!Du har sagt at du vil frelsa meg,du er mitt fjell og mi borg.

4. Fri meg, Gud, frå handa til dei lovlause,frå grepet til dei som fer med urett og vald!

5. Du er mi von, min Herre og Gud,mi trøyst frå eg var ung.

6. Frå eg vart fødd, har eg stødd meg til deg,frå mors liv er du min styrke.Eg vil alltid prisa deg.

7. Eg har vorte til eit teikn for mange,du er mi tilflukt og mitt vern.

Salmane 71