9. Eg har vorte ein framand for mine brør,ein ukjend for sønene til mor mi.
10. Brennande iver for ditt hus har tært meg opp.På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.
11. Eg gret og fasta,då vart eg spotta.
12. Eg kledde meg i sekkestrie,då laga dei spottevers om meg.
13. Dei snakkar om meg når dei sit i porten,syng om meg når dei drikk seg fulle.
14. Men eg bed til deg, Herre, i nådens tid,til deg, Gud, i di store miskunn.Svar meg med di trufaste hjelp.
15. Berg meg frå å søkka i gjørma,berg meg frå dei som hatar meg,frå det djupe vatnet!
16. Lat ikkje flaumvatnet skylja over meg,lat ikkje djupet sluka megeller brønnen lata att sin munn over meg!
17. Svar meg, Herre, for di miskunn er god,vend deg til meg i din store kjærleik!
18. Løyn ikkje andletet for din tenar,for eg er i naud.Skund deg og svar meg!
19. Kom til meg, løys meg ut,fri meg frå mine fiendar!
20. Du veit korleis eg blir spotta,du kjenner mi vanære og mi skam.Du ser alle som står imot meg.
21. Spott har knust mitt hjarte,det kan ikkje lækjast.Fåfengt vona eg på medynk,eg fann ingen som kunne trøysta.
22. Dei gav meg gift i maten;då eg var tørst, fekk eg eddik å drikka.
23. Lat bordet deira bli ei snare for deiog ei felle for deira vener.
24. Lat auga deira dimmastså dei ikkje kan sjå!Lat alltid hoftene deira skjelva!
25. Aus ut din harme over dei,lat din brennande vreide nå dei!
26. Lat leiren deira liggja i øyde,lat ingen bu i deira telt.