Salmane 69:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Brennande iver for ditt hus har tært meg opp.På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.

11. Eg gret og fasta,då vart eg spotta.

12. Eg kledde meg i sekkestrie,då laga dei spottevers om meg.

13. Dei snakkar om meg når dei sit i porten,syng om meg når dei drikk seg fulle.

14. Men eg bed til deg, Herre, i nådens tid,til deg, Gud, i di store miskunn.Svar meg med di trufaste hjelp.

15. Berg meg frå å søkka i gjørma,berg meg frå dei som hatar meg,frå det djupe vatnet!

16. Lat ikkje flaumvatnet skylja over meg,lat ikkje djupet sluka megeller brønnen lata att sin munn over meg!

17. Svar meg, Herre, for di miskunn er god,vend deg til meg i din store kjærleik!

18. Løyn ikkje andletet for din tenar,for eg er i naud.Skund deg og svar meg!

19. Kom til meg, løys meg ut,fri meg frå mine fiendar!

20. Du veit korleis eg blir spotta,du kjenner mi vanære og mi skam.Du ser alle som står imot meg.

21. Spott har knust mitt hjarte,det kan ikkje lækjast.Fåfengt vona eg på medynk,eg fann ingen som kunne trøysta.

Salmane 69