Salmane 55:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David.

2. Vend øyret til mi bøn, Gud,løyn deg ikkje når eg bed.

3. Lytt til meg og gjev meg svar!Eg er kvilelaus i mi sut.Eg er ute av meg,

4. for fienden ropar,dei lovlause trykkjer meg ned.Dei velter urett over meg,rasande går dei mot meg.

5. Hjartet vrid seg i meg,eg er gripen av dødsangst.

6. Eg skjelv av frykt,eg er overvelda av redsle.

7. Eg sa: Hadde eg berre venger som dua!Då flaug eg bort og fann meg ein bustad.

8. Langt av garde ville eg rømma,i ørkenen ville eg slå meg ned. Sela

Salmane 55