Salmane 52:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein læresalme. Av David,

2. då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Ahimeleks hus.

3. Du mektige, kvifor skryter du av det vonde?Guds miskunn varer dagen lang.

4. Du legg planar som er til skade.Tunga er lik ein kvass kniv.Ho fer med svik.

5. Du elskar vondt meir enn godt,løgna meir enn sanne ord. Sela

Salmane 52