Salmane 50:7-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Høyr, mitt folk, eg vil tala,Israel, eg vil vitna mot deg.Eg er Gud, din Gud.

8. Det er ikkje for dine slaktoffer eg viser deg til rette,dine brennoffer er alltid framfor meg.

9. Men eg tek ikkje oksar frå ditt huseller bukkar frå dine kveer.

10. For alt viltet i skogen er mitt,dyra på dei tusen fjell.

11. Eg kjenner alle fuglar i fjellet,krypet på marka høyrer meg til.

12. Var eg svolten, sa eg det ikkje til deg,for jorda og det som fyller henne, høyrer meg til.

13. Skulle eg eta kjøt av oksareller drikka blod av bukkar?

14. Du skal ofra lovsong til Gud,oppfylla dine lovnader til Den høgste!

15. Kall på meg den dagen du er i naud,så vil eg fria deg ut, og du skal gje meg ære.

16. Men til den lovlause seier Gud:Kvifor står du og ramsar opp mine bodog tek mi pakt i din munn?

Salmane 50