2. Klapp i hendene, alle folk,lyft jubelrop til Gud!
3. For Herren, Den høgste, er verd å frykta,ein stor konge over heile jorda.
4. Han legg folkeslag under oss,folk legg han under våre føter.
5. Han vel ut eit land for oss,ein stolt arv for Jakob, som han elskar. Sela
6. Gud stig opp til jubelrop, Herren stig opp medan horna gjallar.
7. Syng for Gud, ja, syng og spel,syng og spel for vår konge!