Salmane 46:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter «Alamot». Ein song.

2. Gud er vår tilflukt og styrke,ei hjelp i naud og alltid nær.

3. Difor reddast vi ikkje når jorda skakar,når fjella vaklar i havsens djup.

4. Vatnet buldrar og brusar,fjella skjelv når havet reiser seg. Sela

5. Det finst ei elvmed bekker som gleder Guds by,den mest heilage bustaden til Den høgste.

6. Gud er midt i han,byen kan ikkje vakla.Gud hjelper han når morgonen gryr.

7. Folkeslag buldra, rike vakla,han lét røysta ljoma, jorda skalv.

8. Herren Sebaot er med oss,Jakobs Gud er vår faste borg. Sela

Salmane 46