Salmane 46:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter «Alamot». Ein song.

2. Gud er vår tilflukt og styrke,ei hjelp i naud og alltid nær.

3. Difor reddast vi ikkje når jorda skakar,når fjella vaklar i havsens djup.

4. Vatnet buldrar og brusar,fjella skjelv når havet reiser seg. Sela

5. Det finst ei elvmed bekker som gleder Guds by,den mest heilage bustaden til Den høgste.

Salmane 46