Salmane 42:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane.

2. Som hjorten lengtar etter bekker med vatn,lengtar mi sjel etter deg, min Gud.

3. Mi sjel tørstar etter Gud,etter den levande Gud.Når skal eg få koma fram for Guds andlet?

4. Tårer er mitt brød dag og natt.Dagen lang spør dei meg:«Kvar er din Gud?»

5. Dette minnest eg,min lengsel vell fram:Til Guds hus vandra eg i festskarenmed jubelrop og lovsong– ein pilegrimsskare i fest.

Salmane 42