6. Store ting har du gjort for oss, Herre, min Gud,underfulle verk og planar,ingen er din like.Vil eg fortelja og tala om dei,er dei for mange til å reknast.
7. Du har ikkje glede i offer og gåver– du har opna mine øyre –brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
8. Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.I bokrullen er det skrive om meg.
9. Min Gud, å gjera din vilje gjev meg glede,di lov er djupt i mitt indre.»
10. Eg forkynte rettferdi den store forsamlinga.Eg heldt ikkje att mi tunge, Herre, du veit det.