Salmane 39:11-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Ta bort den plaga du la på meg!Eg går til grunne når du slår med di hand.

12. Du refsar og straffar ein mann for hans synd,som møllen ét du det han har kjært.Mennesket er eit pust. Sela

13. Herre, høyr mi bøn og lytt til mitt rop,ver ikkje døv når eg græt!For eg er ein heimlaus hos deg,ein framand som alle mine fedrar.

14. Vend blikket ifrå meg. Så lyser eg oppfør eg går bort og ikkje er meir.

Salmane 39