Salmane 34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg.Alef א

2. Eg vil velsigna Herren til alle tider,alltid lovsyngja han med min munn.Bet ב

3. Eg er stolt over Herren,lat dei hjelpelause høyra det og vera glade.Gimel ג

4. Pris Herren saman med meg,lat oss æra hans namn!Dalet ד

5. Eg søkte Herren, og han svara meg,frå alt som skremde, berga han meg.He ה

6. Vend blikket mot han og strål av glede,så skal de aldri raudna av skam!Zajin ז

7. Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde,han frelste han frå alle trengsler.Het ח

8. Herrens engel slår leirrundt dei som ottast han.Han friar dei ut.Tet ט

9. Smak og sjå at Herren er god!Sæl er den som søkjer tilflukt hos han.Jod י

10. Frykt Herren, de hans heilage!Dei som ottast han, lid inga naud.Kaf כ

11. Unge løver lid naud og svelt;men dei som søkjer Herren,manglar aldri det som godt er.Lamed ל

12. Kom hit, born, høyr på meg!Eg vil læra dykk frykt for Herren.Mem מ

13. Er du ein som har glede av livet,som elskar å sjå gode dagar?Nun נ

14. Hald då tunga borte frå det som er vondt,og leppene borte frå svikefull tale.Samek ס

15. Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode.Søk fred og jag etter han!Ajin ע

16. Herrens auge følgjer dei rettferdige,hans øyre høyrer deira rop.Pe פ

17. Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde,han skal utrydda minnet om dei frå jorda.Tsade צ

18. Dei rettferdige ropar, og Herren høyrer,han bergar dei ut or alle trengsler.Qof ק

19. Herren er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte,han frelser dei som har ei knust ånd.Resj ר

20. Mange ulukker rammar den rettferdige,men Herren friar han ut av dei alle.Sjin ש

21. Han tek vare på kvart bein i hans kropp,ikkje eitt av dei skal brytast.Taw ת

22. Ulukke drep den lovlause,dei som hatar den rettferdige, blir straffa.

23. Men Herren bergar livet til sine tenarar,ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa.