Salmane 22:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Munnen er tørr som eit potteskar,tunga er klistra til ganen.Du legg meg ned i dødens støv.

17. Hundar samlar seg om meg,ein flokk av valdsmenn kringset meg.Dei gjennomborar mine hender og føter.

18. Kvart bein i kroppen kan eg telja.Dei stirer, dei ser på meg.

19. Dei deler kleda mine mellom segog kastar lodd om kappa.

20. Men du, Herre, ver ikkje langt borte;min styrke, skund deg og hjelp meg!

21. Berg mitt liv frå sverdet,det einaste eg har, frå hundars vald!

22. Redd meg frå løvegap!Du har berga meg frå villoksars horn.

23. Eg vil fortelja mine brør om ditt namn.Midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.

24. De som fryktar Herren, lov han!Heile Jakobs ætt, gjev han ære!Ha age for han, heile Israels ætt!

25. For han har ikkje forakta den som er hjelpelaus,og ikkje vendt ryggen til den som lid.Han løynde ikkje andletet,men høyrde då han ropa om hjelp.

Salmane 22