Salmane 22:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David.

2. Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?Kvifor er du så langt bortenår eg treng hjelp og skrik ut mi naud?

3. Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,eg ropar om natta og finn ikkje ro.

4. Men du er Den heilage,som tronar over Israels lovsong.

5. Til deg sette fedrane si lit,dei leit på deg, og du fria dei ut.

6. Dei ropa til deg og vart berga,dei leit på deg og vart ikkje til skamme.

7. Men eg er ein makk og ikkje ein mann,spotta av menneske, forakta av folk.

8. Alle som ser meg, håner meg,vrengjer leppene og rister på hovudet:

9. «Han har gjeve seg over til Herren,lat han fria han ut og berga han,han har då glede i han!»

10. Du drog meg fram frå mors liv,du gjorde meg trygg ved hennar bryst.

11. Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,frå mors liv er du min Gud.

12. Ver ikkje langt borte frå meg,for trengsla er nær,og det finst ingen som hjelper.

Salmane 22