Salmane 2:4-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Han ler, han som tronar i himmelen,Herren spottar dei.

5. Så talar han til dei i sin vreide,i sin harme slår han dei med redsle:

6. «Det er eg som har innsett min kongepå Sion, mitt heilage fjell.»

7. Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.

8. Be meg, så gjev eg deg folka som arvog heile jorda i eige.

9. Du skal knusa dei med jernstav,som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»

Salmane 2