2. Kongane på jorda reiser seg,fyrstane slår seg samanmot Herren og den han har salva.
3. «Lat oss slita sund deira lenkjerog kasta reipa av oss!»
4. Han ler, han som tronar i himmelen,Herren spottar dei.
5. Så talar han til dei i sin vreide,i sin harme slår han dei med redsle:
6. «Det er eg som har innsett min kongepå Sion, mitt heilage fjell.»
7. Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.
8. Be meg, så gjev eg deg folka som arvog heile jorda i eige.