Salmane 19:10-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Frykta for Herren er rein,ho varer til evig tid. Herrens dommar er sanne,rettferdige er dei alle.

11. Dei er meir verde enn gull,skinande gull i mengd,dei er søtare enn honning,ny og rennande honning.

12. Gjennom dei får din tenar åtvaring.Det gjev stor løn å halda dei.

13. Kven kjenner sine eigne feilsteg?Frikjenn meg for dei eg ikkje veit om.

14. Spar din tenar for hovmod,lat det ikkje få meg i si makt!Då er eg heil og fri for store synder.

15. Måtte orda frå min munn og tankane i mitt hjartevera til glede for deg, Herre,min utløysar og mitt berg!

Salmane 19