Salmane 19:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein salme av David.

2. Himmelen kunngjer Guds ære,kvelven fortel om det hans hender har gjort.

3. Dagen lèt sin tale strøyma til neste dag,natt gjev sin kunnskap til natt.

4. Det er ikkje tale og ikkje ord.Stemmene kan ikkje høyrast.

5. Men dei når ut over heile jorda,orda når dit verda endar.I himmelen har han reist eit telt for sola,

6. lik ein brudgom går ho ut av sitt kammer.Ho gler seg som ein helt til å springa i sin bane.

Salmane 19