Salmane 144:2-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Han er mi miskunn, mi borg og mitt vern,han er min utfriar og mitt skjold.Eg søkjer tilflukt hos han,han legg folket mitt under meg!

3. Herre, kva er vel eit menneske,sidan du vil kjenna det,eit menneskebarn, sidan du tenkjer på det?

4. Mennesket liknar ein pust,våre dagar er som ein flyktande skugge.

5. Herre, bøy din himmel og stig ned,rør ved fjella så det ryk av dei!

6. Lat lynet blinka og sprei dei!Skyt pilene dine og skrem dei!

Salmane 144