Salmane 144:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Av David.Velsigna er Herren, mitt berg,han som lærer opp hendene mine til stridog fingrane til krig.

2. Han er mi miskunn, mi borg og mitt vern,han er min utfriar og mitt skjold.Eg søkjer tilflukt hos han,han legg folket mitt under meg!

3. Herre, kva er vel eit menneske,sidan du vil kjenna det,eit menneskebarn, sidan du tenkjer på det?

4. Mennesket liknar ein pust,våre dagar er som ein flyktande skugge.

Salmane 144