1. Til korleiaren. Av David.Dåren seier i sitt hjarte: «Det finst ingen Gud.»Vondt og avskyeleg er alt dei gjer,det finst ingen som gjer det gode.
2. Frå himmelen ser Herren ned til menneskafor å sjå om det finst nokon som er vis,nokon som søkjer Gud.
3. Alle har vendt seg bort,alle som ein er forderva.Det finst ingen som gjer det gode,ikkje ein einaste.
4. Skjønar dei då ingen ting,alle dei som gjer urett?Dei et opp folket mitt som om dei et brød,og kallar ikkje på Herren.