Salmane 139:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Av David. Ein salme. Herre, du ransakar meg og du veit –

2. du veit om eg sit eller står,på lang avstand kjenner du mine tankar.

3. Om eg går eller ligg, ser du det,du kjenner alle mine vegar.

4. Før eg har eit ord på tunga, Herre,kjenner du det fullt ut.

5. Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,du har lagt di hand på meg.

6. Det er eit under eg ikkje skjønar,det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.

7. Kvar skulle eg gå frå din pust,kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?

Salmane 139