Salmane 119:133-141 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

133. Gjer mine steg faste slik du har sagt,lat ingen urett få makt over meg!

134. Fri meg frå dei som bruker vald,så vil eg halda dine påbod!

135. Lat ditt andlet lysa over din tenar,lær meg dine forskrifter!

136. Tårene strøymer frå auga minepå grunn av dei som ikkje held di lov.Tsade צ

137. Du er rettferdig, Herre,dine lover er rette.

138. Du gjev dine lovbod i rettferdog i din store truskap.

139. Min brennande iver gjer ende på meg,for motstandarane mine har gløymt dine ord.

140. Ditt ord er prøvd med eld,tenaren din elskar det.

141. Eg er ung og forakta,men eg gløymer ikkje dine påbod.

Salmane 119