Salmane 119:116-121 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

116. Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva.Lat ikkje mi von bli til skamme!

117. Støtt meg så eg blir bergaog alltid har dine forskrifter for auge.

118. Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du,for dei fer med svik og løgn.

119. Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg,difor elskar eg dine lovbod.

120. Kroppen skjelv av redsle for deg,eg fryktar dine lover.Ajin ע

121. Eg har gjort det som er rett og rettferdig.Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!

Salmane 119