Salmane 116:7-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Kom til ro att, mi sjel, Herren har svara deg!

8. Ja, du har fria mitt liv frå døden,auget frå tårer og foten frå å snubla.

9. Eg skal ferdast for Herrens andleti landet til dei levande.

10. Eg trudde, også då eg sa:«Eg er hardt plaga.»

11. Eg sa i min angst:«Alle menneske lyg.»

12. Kva kan eg gje Herren attfor alt det gode han gjer?

Salmane 116