1. Ikkje oss, Herre, ikkje oss,gjev heller ditt namn ære,du som er kjærleg og trufast.
2. Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»
3. Vår Gud er i himmelen,alt han vil, det gjer han.
4. Gudebileta deira er av sølv og gull,menneskehender har laga dei.
5. Dei har munn, men kan ikkje tala,dei har auge, men kan ikkje sjå.
6. Dei har øyre, men kan ikkje høyra,dei har nase, men kan ikkje lukta.
7. Dei har hender, men kan ikkje føla,dei har føter, men kan ikkje gå,dei har ikkje lyd i strupen.
8. Slik blir òg dei som lagar dei,og alle som set si lit til dei.