Salmane 105:36-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Gud slo alle førstefødde i landet,førstegrøda av deira kraft.

37. Så førte han dei ut med sølv og gull,ingen i stammane hans snubla.

38. Det var glede i Egypt då dei drog ut,landet var slege av redsle for dei.

39. Han breidde ut ei sky til å dekkja deiog ein eld til å lysa om natta.

40. Då dei bad, sende han vaktlarog metta dei med himmelbrød.

41. Han opna berget, og vatnet strøymde fram,det rann som ei elv i det tørre landet.

Salmane 105