Salmane 105:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Dei vandra frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.

14. Men han lét ingen få undertrykkja dei,han refsa kongar for deira skuld:

15. «Rør ikkje dei som eg har salva,gjer ikkje vondt mot mine profetar!»

16. Han kalla hungersnaud over landetog braut sund kvar brødstav.

17. Han sende ein mann føre dei,Josef vart seld som slave.

18. Dei tvinga føtene hans i lenkjer,jern vart lagt om halsen,

19. heilt til det han sa, vart oppfyltog Herrens ord gav han rett.

20. Kongen sende bod og sette han fri,han som herska over folka, sleppte han laus.

Salmane 105