Salmane 105:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Pris Herren, kall på hans namn,gjer gjerningane hans kjende blant folka!

2. Syng for han og spel for han,syng om alle hans under!

3. Ver stolte over hans heilage namn!Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.

4. Spør etter Herren og hans makt,søk alltid hans andlet!

5. Kom i hug det underfulle han har gjort,teikna hans og lovene frå hans munn,

6. du ætt av Abraham, hans tenar,Jakobs søner, som han har valt ut.

7. Han er Herren vår Gud,lovene hans gjeld over heile jorda.

8. Han kjem i hug si pakt til evig tid,ordet han gav, i tusen slektsledd,

9. pakta han gjorde med Abraham,og eiden han svor til Isak.

10. Dette sette han opp som ei forskrift for Jakob,som ei evig pakt for Israel.

11. Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaantil arv og eige.»

12. Der var dei ein liten flokk,få og framande.

13. Dei vandra frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.

Salmane 105