1. Av David.Velsign Herren, mi sjel!Alt som i meg er,velsign hans heilage namn.
2. Velsign Herren, mi sjel!Gløym ikkje alt det gode han gjer.
3. Han tilgjev all di skuldog lækjer alle dine sjukdomar.
4. Han friar ditt liv frå gravaog kronar deg med miskunn og kjærleik.
5. Han mettar ditt liv med det gode,du blir ung att som ørna.
6. Herren skaper rettferd,han lèt alle undertrykte få sin rett.
7. Han kunngjorde sine vegar for Moses,sine gjerningar for Israels folk.
8. Mild og nådig er Herren,sein til vreide og rik på miskunn.
9. Han kjem ikkje med klagemål for alltidog er ikkje for evig harm.
10. Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder,han løner oss ikkje etter vår skuld.
11. Så høg som himmelen er over jorda,så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.
12. Så langt som aust er frå vest,tek han syndene våre bort frå oss.
13. Som ein far er mild med sine born,er Herren mild med dei som fryktar han.
14. For han veit korleis vi er skapte,han kjem i hug at vi er støv.
15. Dagane mennesket får, er som gras,det blømer som blomen på marka.
16. Når vinden fer over han, er han borte,staden han stod på, veit ikkje lenger av han.