Salmane 102:4-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. For dagane mine kverv som røyk,knoklane brenn som eld.

5. Hjartet er som gras, solsvidd og visna,eg har gløymt å eta mitt brød.

6. Eg sukkar og stønnar,eg er berre skinn og bein.

7. Eg liknar pelikanen i ørkenen,eg er som ei ugle blant ruinar.

8. Eg ligg vaken,eg er som ein einsleg fugl på taket.

9. Fienden spottar meg heile dagen.Dei som gjer narr av meg,bruker namnet mitt til forbanning.

10. Eg et oske som brødog blandar drikken min med tårer,

11. for du er harm og vreid på meg.Du tok meg og kasta meg bort.

12. Dagane mine er på hell, skuggane blir lange,eg visnar bort som gras.

13. Men du, Herre, tronar til evig tid,namnet ditt varer frå slekt til slekt.

14. Du vil reisa deg og vera mild mot Sion,det er tid for å visa henne nåde,timen er komen.

15. Tenarane dine elskar steinane i Sion,dei lid med henne som ligg i grus.

16. Folkeslag skal frykta Herrens namn,alle kongane på jorda din herlegdom.

17. For Herren vil byggja opp att Sionog syna seg i sin herlegdom.

18. Han lyttar når den nakne bed,han foraktar ikkje deira bøn.

19. Dette skal skrivast ned for den komande slekt,eit nyskapt folk skal prisa Herren.

20. Han ser ned frå si heilage høgd.Frå himmelen ser Herren mot jorda

21. for å høyra sukket frå fangane,løysa dei som var dømde til døden.

Salmane 102