Sakarja 13:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, frå ungdomen av har eg dyrka jorda.»

6. Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på kroppen?» kjem han til å svara: «Eg vart skadd i huset til venene mine.»

7. Sverd, vakna mot gjetaren min,mot mannen som står meg nær,seier Herren over hærskarane.Slå gjetaren så sauene spreiest!Eg lyfter handa mot dei minste.

8. Det skal skje i heile landet, seier Herren,at to tredjedelar skal ryddast ut og døy,men ein tredjedel skal bli att.

9. Den tredjedelen fører eg gjennom eld,eg reinsar han som ein reinsar sølv,eg prøver han som ein prøver gull.Dei skal kalla på mitt namn,og eg skal svara dei.Eg skal seia: «Dei er mitt folk»,og dei skal svara: «Herren er vår Gud.»

Sakarja 13