Sakarja 12:7-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Herren vil først berga telta til Juda, så ikkje Davids hus og dei som bur i Jerusalem, får større heider enn Juda.

8. Den dagen skal Herren vera skjold for dei som bur i Jerusalem. Den som snublar den dagen, skal vera som David, og Davids hus som ein gud, som Herrens engel framfor dei.

9. Den dagen aktar eg å utrydda alle dei folkeslag som kjem mot Jerusalem.

10. Men over Davids hus og dei som bur i Jerusalem, auser eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge. Dei skal klaga over han liksom ein klagar over einaste sonen, og sørgja sårt over han liksom ein sørgjer over den førstefødde.

Sakarja 12