Sakarja 11:9-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Eg sa: «Eg vil ikkje gjeta dykk.Dei som held på å døy, får døy.Dei som går til grunne, får gå til grunne.Dei som er att, får eta kjøtet av kvarandre.»

10. Så tok eg staven min Godvilje og knekte han. Eg ville bryta den pakta som eg hadde gjort med alle folka.

11. Og ho vart broten den dagen. Då skjøna sauehandlarane som vakta på meg, at dette var Herrens ord.

12. Eg sa til dei: «Om de finn det for godt, så gjev meg løna mi. Dersom ikkje, så lat det vera.» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.

Sakarja 11