Sakarja 11:11-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Og ho vart broten den dagen. Då skjøna sauehandlarane som vakta på meg, at dette var Herrens ord.

12. Eg sa til dei: «Om de finn det for godt, så gjev meg løna mi. Dersom ikkje, så lat det vera.» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.

13. Men Herren sa til meg: «Kast dei inn i skattkammeret, den kostelege summen eg er verd for dei.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, i skattkammeret.

14. Så knekte eg av den andre staven, Semje, for å bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

Sakarja 11