9. Då sa eg: «Kva med desse, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal visa deg kva dette er.»
10. Mannen som stod mellom myrtane, tok til ords og sa: «Dette er dei Herren har sendt så dei skal fara omkring på jorda.»
11. Dei svara Herrens engel som stod mellom myrtane: «Vi har fare omkring på jorda, og sjå, heile jorda ligg i ro.»
12. Herrens engel svara: «Herre over hærskarane, kor lenge vil det vara før du viser miskunn mot Jerusalem og byane i Juda, som du har vore harm på i desse sytti åra?»