3. Du skal vaska deg og salva deg. Ta så på deg finkleda og gå ned til treskjeplassen. Men gjev deg ikkje til kjenne for mannen før han er ferdig med å eta og drikka!
4. Når han legg seg, skal du merka deg staden der han ligg. Gå så bort, ta teppet vekk frå føtene hans og legg deg der! Så vil han sjølv seia deg kva du skal gjera.»
5. Då svara ho: «Eg skal gjera alt du seier.»
6. Ho gjekk ned til treskjeplassen og gjorde alt slik svigermor hennar hadde sagt.
7. Boas åt og drakk og vart glad til sinns. Så gjekk han og la seg i kanten av kornhaugen. Då smaug ho seg fram, tok teppet vekk frå føtene hans og la seg der.
8. Ved midnattstid kvakk mannen til. Han bøygde seg fram og såg at det låg ei kvinne nedmed føtene hans.
9. «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestekvinna di», svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.»
10. Då sa han: «Velsigna er du av Herren, dotter mi! Du har vist endå større truskap enn før ved ikkje å gå etter dei unge mennene, verken dei fattige eller dei rike.
11. Og no, dotter mi, ver ikkje redd! Alt det du seier, vil eg gjera for deg. For alle som bur i byen, veit at du er ei heiderleg kvinne.