1. Noomi hadde ein slektning på sida til mannen hennar, ein mektig og velståande mann av Elimeleks slekt. Han heitte Boas.
2. Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til Noomi: «Lat meg gå ut på åkeren og sanka kornaks etter ein som vil visa meg velvilje.» Ho svara: «Gå du, dotter mi!»
3. Så gjekk ho ut på åkeren og sanka aks etter skurdfolket. Og det trefte seg slik at åkerstykket ho sanka på, høyrde Boas av Elimelek-slekta til.
4. Boas var nett komen frå Betlehem. Han sa til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara han: «Herren velsigne deg!»
5. Boas spurde oppsynsmannen over skurdfolket: «Kven høyrer denne unge kvinna til?»
6. Oppsynsmannen svara: «Det er den unge moabittkvinna som kom tilbake med Noomi frå Moab.
7. Ho bad: Lat meg få plukka og sanka aks mellom kornbanda etter skurdfolket! Ho kom i dag tidleg og har stått her heilt til no. Berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt seg.»
8. Då sa Boas til Rut: «Høyr, dotter mi! Sank ikkje aks på nokon annan åker. Gå ikkje herifrå, men hald deg til mine tenestejenter.